Feil på serveren

Ser 1 svar tråd
  • Innlegg

      Hei!

      Dei siste dagane har det vore ein markant auke i feilmeldingar som gjeld feil på serveren. Er dette ein feil som det vert jobba med å rette, eller er dette tilfeldige feil som ein berre må rekne med? Når det skjer sopass ofte, skapar det problem i arbeidsflyten, td. ved legging av turné og alt stoppar opp pga dette.

      Håpar det kan rettast snarast!

      Mvh

      Øyvind Lyslo

      DKS Vestland

      0
      Kulturtanken
      Administrator

      Hei, Øyvind!

      Takk for tilbakemeldinga. Det har vore feil i DKS-portalen denne veka, som har kravd feilretting innanfor vanleg arbeidstid (noko vi prøver å unngå). Dette kan ha bidrege til fleire beskjedar om «Feil på server». Dette beklagar vi og er ikkje noko ein skal venne seg til.

      Gi gjerne beskjed til oss på support@denkulturelleskolesekken.test om du opplever dette igjen, då set vi pris på beskjed på kva flater du har opplevd dette i, og kva operasjonar som har blitt avbrotne, då er det lettare for utviklarane å rette feilen raskare. Vi sender uansett tilbakemeldinga di vidare til leverandøren!

      0
Ser 1 svar tråd
  • Du må være innlogget for å svare på dette emnet.